Forfattertreff

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/11/2022 08:25

Det vart ein innholdsrik kveld dei frammøtte fekk oppleva i Tveit bedehus lørdag kveld.

Ove Eikje frå Tysvær, tidlegare journalist i avisa Dagen, delte frå bibelen. Han fortalte om boka si: «Da Gud greip inn» . Her er det skildringar frå 20 personer som har opplevd at Gud hjelpte og berga på forunderlig vis.

Eine historien var om Ove då han var 4 år og åleine sprang i ei myr. Han sank til halsen og sat bom fast. Men Gud greip inn. Faren fant han i siste time. Han viser støvel og sokk som vart igjen i myra. Bror hans grov den fram mange år etter.

På dagen i dag er det 80 år sidan norske jødar vart sendt i døden. Ove delte om to jødebabyer som fortel om sitt liv. Ove intervjua mannen til høgre i avisbilete. Det er viktig å legga oss på minne den svarte dagen i norsk historie.

Annbjørg Helland Sævereid var heime på Tysnes denne helga. Ho begynte skriva dikt i begynnelsen av 2000 og har nettopp kome ut med bok nr 6 med tittelen «Bli med». Annbjørg delte og frå bibelen, leste gode dikt og sang.

Det var «pauseinnslag» med kaffe og kaker. Og salg av bøkene til dei to strålande forfattarane.

 

Tekst og bileter: Wenche Brandsæter