Delte sin kunnskap om sopp

Publisert av: Vegard Aslaksen
12/9/2019 21:19

Tysnes Bygdekvinnelag arrangert lagsmøte måndag 9.september på Flatråker. Tema for kvelden var sopp.

Reidun Myklebust var invitert for å snakka om haustens sopp som veks på Tysnes, og kva me kan bruka den til.

Vil ein byrja å plukka sopp, er ein god bok om dette svært viktig, og det finns fleire slike å få kjøpt. Så treng me ei korg til å leggja soppen i, for ein må ikkje bruka plastpose. I tillegg trengs ein god kniv, gjerne med ein kost i enden, for det beste er å reinska soppen i skogen etterkvart.

Skogen er full av sopp. 6500 som me kan sjå, og ca 100 soppar som kan nyttast til mat. Reidun plukkar 14 – 16 av desse. Ho hadde med seg fleire forskjellige soppar for å syna oss.

– Svart Trompetsopp
– Traktekantarell og vanleg kantarell
– Piggsopp
– Rørsoppar: Steinsopp, Brun skrubb, Raud skrubb og Smørsopp
– Kremler: Sildekremle, Nøttekremle og Mandelkremle
– Matrisker: Furumatriske og Granmatriske

Ho anbefaler at ein plukkar ofte, gjerne kvar 14.dag. Ta ikkje dei minste eller dei styggaste. Ikkje vask sopp, men bruk kniv og børsten til å fjerna det som er stygt. Sopp er ferskvare og bør brukast straks. Det mest vanlege er å steikja sopp i panna. Sopp er godt til kjøtrettar, i gryterettar, til pasta og i risotto, smakar og godt saman med karri. Sopp kan tørkast på låg varme i steikeomnen. Den kan og syltast og hermetiserast. Reidun lagar og soppsoya og soppmjøl.

I boka: «Sopp på menyen» kan ein finna mange gode oppskrifter.

Bygdekvinnelaget takkar Reidun for eit fint og interessant foredrag.

Tekst og bilete: Kjersti Godøy