Foredrag om Anne Knutsdotter

Publisert av: May Britt Meland
17/7/2024 13:04

I fjor heldt lokalhistorikar og forfattar Knut Rage foredrag for fulle hus to gonger. Fyrstkommande laurdag er det andre gongen denne sommaren Knut Rage held foredrag på Årbakka Handelsstad. No skal Rage snakke om sitt nyaste prosjekt, om Anne Knutsdotter-figuren. -Ja, og så litt om andre interessante historiske kvinneskikkelser fra Sunnhordland.

Kven var eigentleg Anne, og kvar finn vi Uren Luren? Då bergensaren Claus Pavels Riis skreiv teksten på 1860-talet, levde han som proprietær på Nymark. I følgje ein tradisjon fann han inspirasjon i ein brattlendt husmannsplass oppe i heia, og den vesle, halte husmannsjenta Herborg.

Foredraget startar laurdag 20. juli kl 12 og varer i ca. 30 min. Det vil også vera bøker for sal.

Lise Kvinnsland ved Årbakka Handelsstad ynskjer besøkande velkomen til eit spennande foredrag, og minner om at kiosk, utstillingar og museet sjølvsagt er opne frå kl 12 -16.