Førebuing til jakta

Publisert av:
9/8/2013 17:59

Sidan slutten av mai har Tysnes skyttarlag dei fleste fredagane hatt open bane der hovudaktiviteten har vore trening til storviltprøven.

No er det berre vel tre veker att til jakta startar og mange er allereie ferdige med oppskytinga. For dei som  ikkje har begynt å trena så er det endo tre fredagar att med mulighet for trening og oppskyting.

Takka vere innsatsen frå eldsjelene i skyttarlaget, er det i dag eit moderne annlegg på Flatråker med gode treningsforhold.

 [bilder]