For mange goder

Publisert av:
22/12/2015 15:42

Tysnesingen.no har spurt om lesarane si meining om elbilar. Spørsmålet har engasjert, og ein har registrert heile 934 stemmer.

Av innkomne stemmer er det alternativet “Urettferdig at dei har eigne goder” som har fått flest stemmer med 327 stemmer.

Like etter fekk alternativet “Trur miljøgevinsten er oppskrytt” 299 stemmer.

168 stemmer kom  inn på “Skummelt at dei er lydlause” og 102 stemmer på “Flott at ein sparar miljøet”, medan ein berre registrerte 38 stemmer på alternativet “Kjekt med gunstige fordelar”.

 

Jula er her, og mange har allereie pynta juletreet.

Utvalet og salget av kunstige juletre aukar for kvart år, og Tysnesingen.no lurer denne gongen på kva du meiner om plastjuletre?