Vellukka skogdag på Flatråker

Publisert av: Johnny Helgesen
11/3/2018 10:12

Tysnes Skogeigarlag arrangerte laurdag 10.mars skogdag. Mykje folk var samla. Været var fint, sjølv om sola gøymte seg bak lette skyer.
Som tidlegare stilte bygdekvinnelaget opp med gratis graut og pølser. Vegard Helland kokte skogkaffi til folket.
Skoginstruktør Audun Eik (busett på Tysneset) demonstrerte trygg felling av store tre.
Eiksenteret stilte med traktor og vedmaskin, pluss motorsager (Husquarna) , verneutstyr og sagmateriell.
Sandvik Landbruk i Dimmelsvik stilte med Kubota traktor, tømmervogn og vinsj, pluss Echo motorsager.
Johannes Tveit stilte ut økser og kvistsager.
Anita Frotjold Anderssen stilte med fjording og ponni, og ungane fekk prøva riding.
Øyvind frå Brandasund hadde utstilling/sal av diverse trehandverk.
Anders Dalland hadde sal av kjøtprodukt frå Dalland Gard.

Ein fekk inntrykk av at utstillarar og publikum hadde ein triveleg dag.


Øyvind frå Brandasund selde trehandverk. I bakgrunn Johannes Tveit si utstilling.

Eikmaskin si utstilling.

Demonstrasjon av Dalen vedmaskin.


Audun Eik viste framgangsmåte for trygg felling av stort tre.

Bygdekvinnelaget stilte med matservering og godt humør.

 

Minner om årsmøtet på tirsdag 13. mars kl 19 i Erdalen.

 

Referent: Magne Hauge Skartveit.