Den Store Klesbytedagen 14. april

Publisert av: Johnny Helgesen
4/4/2018 16:08

I regi av Naturvernforbundet og Forbrukerrådet arrangerer Frivilligsentralen på Tysnes og Bygdekvinnelaget Klesbytedag i Aktivitetssenteret i Våge. (Tidl. Sporten)
Dette er ein bytedag der målet er å byta inn klede ikkje direkte ein loppemarknad. Du finn fram maks sju reine og fine klesplagg og leverar dei inn. Fint Tilbehør (for eksempel vesker og skjerf) og sko i god stand, tek vi og imot. Undertøy og sokkar tek vi ikkje imot.
Klede til overs, vert levert til Ukrainahjelpa.
Bygdekvinnene sel kaffi og kaker som kan nytast etter ein travel handletur.

14. april frå kl 11:00 til 15:00