André Eide har også eit nytt flygel til disposisjon i Tysnes kyrkje. Foto: Hans Ole Dalland

Ei vakker musikalsk innramming

Publisert av: May Britt Meland
5/3/2020 12:01

Musikk frå hybrid gitar og orgel i samspel under ei gudsteneste er nok av den sjeldne sorten.

Dei heldige som fekk oppleva dette var til stades under gudstenesta i Tysnes kyrkje no sist søndag. Der fekk dei ei god stund med musikalske innslag som var til stor glede og oppmuntring for heile kyrkjelyden.

André Eide, som er busett på Stord, er for tida organist på Tysnes. Han fartar mykje over Langenuen og har ansvaret for musikken i dei fire kyrkjene. Det er ei oppgåve han utfører på ein solid måte, og frå tid til annan har han med seg songsolistar.

Simon & Garfunkel

I Tysnes kyrkje på søndag hadde han med seg Bjørn Schille. Dei to kjenner kvarandre godt frå åra dei var elevar på musikklinja ved Stord vidaregåande skule. Bjørn Schille er no gitarpedagog i nye Alver kommune. Begge to har altså fått seg eit musikalsk yrke etter musikklinja.

-Me har halde kontakten etter skuleåra på Stord, og det seinaste året har me sysla med tanken om å få til noko i fellesskap igjen. Det gjorde me for fyrste gong i Onarheim kulturkyrkje for om lag éin månad sidan, fortel Eide.

«Top Gun Anthem» var opningsnummeret deira på søndag. Mektige saker! Seinare i gudstenesta følgde Simon & Garfunkel sin vakre og store hit «Sound of silence» frå 1964. Til postludium fekk kyrkjelyden høyra «Vitae Lux» (Livets Lys) av Frode Alnæs. Alt saman musikk som fylte kyrkjerommet på aller beste måte.

Glad for initiativet

Under gudstenesta var det dåp, og for dåpsfølgjet var det ekstra hyggeleg å få med seg slik fin musikk frå to dyktige musikarar. Fleire gav uttrykk for det. Også underteikna og kyrkjelyden elles var begeistra.

Sokneprest Marit Isaksen Espedalen synest musikken frå gitaren og orgelet gav gudstenesta ei vakker musikalsk ramme.

-Det var superflott og kjekt. Når musikk vert framført på ein slik god måte, gjer det noko med gudstenesta og skapar stemning. Eg set pris på at André Eide tek initiativ og får til slike innslag, seier soknepresten.

Spennande utfordring

Gitarpedagog Bjørn Schille fortel at ein hybrid gitar er ein bass- og elgitar i same instrument med sju strenger. Dei fire lysaste strengene er installerte til eigen lydforsterkar, medan dei tre andre går til bassforsterkaren.

Som tilhøyrar var det imponerande å oppleva at det var mogeleg å få til eit slikt presist og godt samspel når gitaristen stod framme i kyrkja medan organisten trakterte orgelet oppe på galleriet.

-Med så stor avstand er det både lydmessig og med kontaken elles ei utfordring, men dette hadde me øvd og førebudd oss grundig på, og litt blikkontakt hadde me. For oss var dette noko nytt og spennande, som me synest var kjekt. Det gav oss noko spesielt, for klangen vert ekstra flott i ei kyrkje. Opplevinga var mektig, fortel Eide og Schille, som kan tenkja seg å få til ein konsert med hybridgitar og orgel.

Bjørn Schille med hybridgitaren framførte vakker musikk i Tysnes kyrkje. I bakgrunnen klokkar Hildur heie. Foto: Eli Johnsen.

 

Tekst: Hans Ole Dalland