På greenen to av debutantane, Daniel Hagen og Thomas Kjerrgård

Flotte speleforhold for Tirsdags’feiden’ til Tysnes Golfklubb

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/5/2024 09:55
Tirsdags’feiden’ runde 2 vart spelt 14. mai i eit nydeleg vær og på ein flott bane.

Denne gangen var det 4 nye ungdommar til start saman med 12 veteranar. 
18 hol pitch & putt er krevjande, men ungdomane kom godt frå debuten.
Denne dagen var det netto slag me spelte – brutto slag minus hcp.

Dei 5 beste vart:
1. Fredrik Winther, 53 slag
2. Ole Kristian Dalen, 55 slag
3. Knut M Leithe, 55 slag
4. Benjamin Bakke, 55 slag (debutant)
5. Olav Dalen, 57 slag (debutant)

Vinnarbildet viser frå venstre, Fredrik, Benjamin og Olav. Ole Kristian og Knut lurte seg unna.

Neste tirsdag vert det ny runde i Tirsdags’feiden’. Denne gong 9 hol vanleg golf netto slag.
Møt opp og vær med – framleis ingen for god og ingen for dårleg.