Foto: Tysnes Turlag

Spennande aktiviteter med turlaget

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/6/2022 12:11

Vil du gå i fjellet, padle i kajakk, yoga ute i det fri og sove i telt? Då kan du bli med Tysnes Turlag på tur.

Fyrstkomande søndag, 12. juni, går ein Tysnes på tvers.
Turen startar ved Tysnes skule og går til Gjerstadstølen, Tåkeskaret og til Såto. Vidare til Etlådne og Hovlandsnuten (her fylgjer me merka nyleg merka sti). Frå Nuten går turen ned Svinadalen og til Årbakka.

Dette er ein lang og krevjande tur, og ein må ha gode fjellsko og riktig turklær for vær og vind.

Turlaget stiller med 2 turleiarar, Åse Enes og Ketil Skjolde.

Les meir om turen og påmelding her.

Fredag 17. juni til lørdag 18. juni blir det Kajakk, yoga, og telt på Tysnes.
Turen startar og sluttar i Våge. Her er fokus padling og yoga, med overnatting i telt og ei fin tid rundt bålet lørdag kveld.

Du kan lese meir om turen og påmelding her.