Flott pepperkakebygd på Onartun

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/12/2023 14:44
I desember har det vokse fram ei kjempefin pepperkakebygd på Onartun.
Det er så mykje fint og kreativt arbeid, så her skulle alle vore vinnarar, seier Lea R. Qvistgaard, dagleg leiar på Joker Onarheim.

Det er trukke 3 vinnarar frå bidraga til pepperkakebygda, som får kvar si julekorg.
Dei heldige er:
Alma
Morten og Merle
Petter og Sivert

Lea R. Qvistgaard ynskjer å takka for alle bidraga som er kome inn i år.
Byggverka blir ståande til ut tirsdag. 2. januar, så det er enno tid til å sjå dei.