Flott med forenkling

Publisert av:
30/11/2015 12:10

I di meining har Tysnesingen spurt lesarane om kva dei meiner om endringane i byggereglane?

Mange har engasjert seg i dette spørsmålet, og det har kome inn heile1762 stemmer.

 

Alternativet “Flott med forenkling og meir sjølvråderett på eigen grunn” fekk flest stemmer 1287, noko som utgjer 73 % av innkomne stemmer.

14 % av stemmene, 247 stemmer, gjekk til “Reglane var betre slik dei var før”

Dei fleste har tydeleg eit godt forhold til naboen for berre 7 %, 123 stemmer, gjekk til alternativet: “Skummelt at naboen no berre kan dura på..”

Alternativa “Usikker”, “Endelig er «nybygget» mitt blitt lovlig!” og det noko meir humoristiske alternativet “Annekset er oppe, endelig får eg svigermor ut av huset” fekk alle 2 %, 35 stemmer kvar.

 

Elbilar.

Det vert stadig fleire elbilar på vegane, og siste tida har det vore ein del publisitet om desse.

I dag har elbilistar ein rekke fordelar: Dei køyrer gratis gjennom bomstasjonar og gratis på ferjene, dessutan køyrer dei fritt i kollektivfeltet samt at dei har reduserte avgifter til staten. På Tysnes vert det no ladestasjonar for elbilar, i fyrste omgong i Våge.

Den auka mengda elbilar har ført til forslag i endring av dagens fordelar. Nokre av forslaga går på at elbilane skal betale på ferjene, samt at dei ikkje lenger fritt skal kunne nytta kollektivfeltet.

I “Di meining” denne gongen lurer vi derfor på:
Kva syns du om elbilar?