Tine fotballskule på Reiso i juni

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/5/2023 09:14

For 26. år blir Tine fotballskule arrangert rundt omkring i landet.

Njardar/Tysnes inviterer jenter og gutar i alderen 6-12 år til Tine Fotballskule på Reiso 19. – 21. juni

Dette vert ein svært kjekk møteplass for fotballspel, moro og sosialt samspel.

Spelarane får drikke frå Tine og eit fruktmåltid kvar dag. 

Onsdag blir det utdeling av diplom og premiar, og alle deltakarar får sekk og t-skjorte. Det vert også servering av pølser og drikke. 

Fotballskulen vert leia av instruktørar frå A-laget, erfarne trenarar, samt instruktørar frå ungdomsfotballen.

 

For meir informasjon om påmelding og pris, klikk her.