Flott haustmøte på Haaheim Gaard
28/11/2014 14:02
Bjarte Erstad, leiar i Tysnes Næringsråd, ynskte velkommen og haldt regien gjennom kvelden.
Med foredrag frå tre lokale verksemder, song og innslag i frå komikar, var det mykje å gle seg over!
Haustmøtet er ein unik, og truleg den beste arenaen ein har til å treffe storparten av næringslivet på Tysnes. Mellom innlegga nytta deltakarane kvelden til å dele erfaringar, utfordringar og framtidsvisjonar med dei andre.
For å verkeleg få opp stemninga, var komikar Ole Bergesen samt songar Runar Thor Gudmundsson, begge frå Fitjar leigd inn. Begge gjore ein flott opptreden!
Bedriftene som var invitert til å presentere si bedrift, var i år Tysnes Sparebank, Bladet Tysnes og Haaheim Gaard.
Svein Erik Halhjem, leiar for personalmarknaden, fortalte om banken si enorme satsing, og dei store vala dei har teke for å nå ambisiøse mål. Mange tilsvarande små og mellomstore bankar har fusjonert med større bankar i ein slik prosess. Tysnes Sparebank valde heller å målretta jobba for å verta støre. Så langt har dei lykkast svært godt med veksten og dei nye ambisjonane.
Banken har hatt ein veldig målretta og spissa strategi på dette arbeidet. Investeringane som har vore lagt ned i dette arbeidet har vore store, men banken er overtydd om at på sikt vil dette betale seg godt tilbake. Kreativiteten og dei utradisjonelle verkemidla banken har teke i bruk, står det respekt av.
Ole Skaten, redaktør i Bladet Tysnes, fortalte om bedrifta og om ein bransje som er inne i store omveltingar. Samtlege aviser i landet vert råka av den «digitale revolusjonen». I motsetning til mange andre aviser, har «Tysnes» klart å oppretthalda abonnenttalet. Derimot har annonseinntektene vore fallande, noko som igjen har ført til at økonomien for tida er veldig krevjande. Vidare fortalte Ole Skaten om verdien av å annonsera i avisa.
Mange er ikkje bevisst på at svært mange av abonnentane, og opplaget faktisk går til dei som bur utanfor øya, på den måten når bodskapen i reklamen langt breiare enn berre på Tysnes. Det nærma seg no ei spennande endring på nettsida deira. Den nye digitale utgåva kom til å verta meir lik slik sunnhordland.no har gjort det, med full tilgang for abonnentane.
Thorstein Hatlevik viste deltakarane rundt på Haaheim i dei nye romma. Det er imponerande å sjå no etter siste utbyggingsfase, korleis han framleis har klart å halde på den unike stilen. Haaheim Gaard har til no vore i konstant utvikling og med stadig auke i omsetnaden.
Det kom neppe som nokon stor overrasking på nokon då han fortalte om planar og visjonar som føreset ny dobling av omsetninga, nye unike prosjekt og konsept! Som vanleg byr Torstein på seg sjølv, og fortel på eit vis som gjer det til ei unik oppleving å høyre på han og vere på Haaheim.
