Her finn ein informasjon om aktivitetane i laget, nyheiter om arrangement og hendingar, samt anna nyttig informasjon for både medlemmer og bygdefolk.

Ny dykkerklubb på Tysnes med fokus på ungdom, aktivitet og lokalmiljø
På Tysnes er me heldige som har natur, sjø og kystliv tett på oss kvar dag. Dette ønskjer me å ta vare på og bygge vidare på gjennom den nye dykkerklubben under Onarheim Idrettslag.
Me har no starta arbeidet med å byggja opp eit inkluderande og aktivt dykkermiljø med fokus på ungdomsrekruttering, tryggleik, kompetanse og sosiale aktivitetar for lokalbefolkninga.
Bakgrunnen for satsinga er eit ønske om å skapa eit meir positivt og framtidsretta miljø rundt dykking på Tysnes, der fokuset ligg meir på samarbeid, aktivitet og moglegheiter.
Målet vårt er å skapa ein klubb der både nye og erfarne dykkere kan møtast, læra og oppleva det fantastiske undervannsmiljøet me har rundt øya vår. Samtidig ønskjer me å skapa ein sosial møteplass med aktivitetar både i og utanfor sjøen.
Det betyr mykje for oss å sjå den støtta klubben allereie har fått frå lokalt næringsliv.
Kystarbeid AS har gitt klubben ein dykkekompressor gratis, og dekker første service på denne i oppstartsfasen av klubben. Dette betyr enormt mykje for oss, og gir klubben eit veldig godt grunnlag for trygg og aktiv dykking lokalt.
I tillegg har Alsaker Fjordbruk AS stilt klubblokale til disposisjon for oss, noko me set stor pris på.
Me har òg blitt tatt veldig godt imot av Onarheim Idrettslag. Me føler dei støttar godt oppunder oss som nystarta klubb, og me kjenner allereie på ein sterk tilhøyrsle i idrettslaget. Det betyr mykje for motivasjonen og trua på det me prøver å byggja opp.
Me er veldig positive og klare for vegen vidare, og håpar å kunna tilby lokalbefolkninga gode dykkeopplevingar, kurs, sosiale samlingar og aktivitetar for både ungdom og vaksne i åra framover.
Tysnes har eit unikt utgangspunkt for sjø aktivitetar, og me håpar mange ønskjer å vera med på å byggja opp eit aktivt, inkluderande og framtidsretta dykkermiljø saman med oss.
Tor-Olav Eikeland
Eirik Skorpen