Fleire artistar til Tysnesfest
15/5/2014 06:02
Main Level!
Tysnesingen Alexander Instøy tek med seg popgruppa Main Level heim, og er klar for å ta publikum under Tysnesfest 2014 med full storm!
Det er ei stor gleda for Tysnesfest å kunna presentera nye artistar med Tysnesrøter, og me er sikre på at han og resten av bandet vil gje deg ei fantastisk oppleving!
Vidar Johnsen!
Det er alltid ei glede å kunna fortelja at Vidar Johnsen kjem til Tysnes! Med fleire Tysneskonsertar bak seg likar me å betrakta Vidar som ekte Tysnesvenn! Kvar einaste konsert med Vidar har skapt ein magisk stemning, og me ser fram til å høyra hans fabelaktige musikk i den herlige atmosfæren under Tysnesfest 2014!
Meir om artistane:
THE MAIN LEVEL.
Justin Bieber har sine “Beliebers”, Lady GaGa har sine “Little Monsters” og Isac Elliot har sine “Ellioteers”. Norske THE MAIN LEVEL ligg godt an til å bli det neste store popfenomenet, og deira mange utanlandske fans har allereie gitt seg sjølv namnet “Mainers”.
Dei er 18, 19 og 20 år. Sander Helmers-Olsen, Alexander Instøy og Laurent Kelmendi er tre kompisar frå Bergen som i 2013 danna popgruppa The Main Level. På kort tid har dei fått på plass både plateselskap, management og bookingbyrå, og 29. april slapp unggutane sin fyrste offisielle singel «Blackout».
Den talentfulle pop-trioen har det siste halvåret fora internett med eit solid knippe musikkvideoar der dei gjer cover-låtar av artistar som Katy Perry og Justin Bieber. På kort tid er videoane til The Main Level sett av over en halv million menneske på Youtube, noko som mildt sagt er imponerande. www.youtube.com/themainlevel
[youtube]gNNsRuBirzI[/youtube].
The Main Level har fått mange fans over heile verda, og det utan å ha sloppe ein einaste offisiell låt. Sander, Alex og Laurent tar godt vare på sine “Mainers” og har brukt sosiale media aktivt for å nå ut. Dette har på kort tid gjort dei til pop-idol på tvers av ei heil verd, og me ser allereie hysteriet ta form. Fansider er oppretta i over 30 land, blant dei USA, Brasil, Tyskland, Portugal, Mexico, Tyrkia og Storbritannia.
VIDAR JOHNSEN
Vidar Johnsen er for veldig mange musikkelskarar mest kjent for si rolle som frontfigur i VAMP der han var vokalist frå sommaren 1999 til november 2006. Vidar bidrog blant anna med radiohiten og livefavoritten ”Fuglane vett” på Vamp-albumet ”Månemannen», som kom ut i 2002. Albumet skulle visa seg å bli VAMP sin (til da) største kommersielle suksess. ”Fuglane vett” er også og finna på VAMP-albumet ”VAMP i full symfoni”, som kom ut i 2006, som igjen overgjekk alle tidlegare salstal. Etter 2 studioalbum, 1 liveplate og 1 DVD-utgiving med VAMP og ca. 700 konsertar i løp av 7 år, var tida i VAMP over.
Dette førte til eit nytt og spennande samarbeid med hans svenske venn Peter Nordberg, og allereie i mai 2007 slapp dei singelen ”Den morgenen”, som blei den 10. mest spelte låta på norske radioar dette året. Debutalbumet deira, ”Ord og Ögonblick” kom ut i september 2007, og selte i løp av kort tid over 50.000 eksemplar. Andre albumet, ”Mål og Mening”, kom i oktober 2008, og trilogien ble fullbyrda da det tredje albumet ”I ild og vatten” kom i desember 2009. Til saman selte Johnsen & Nordberg over 120 000 album (over disk) på 3 år. Johnsen & Nordberg valte i 2010 å leggja sitt samarbeid på is på ubestemt tid, noko som resulterte i Vidar Johnsen sitt fyrste soloalbum på norsk hittil. “Galskapens Land” hausta gode kritikkar og fyrste singlen “Inn i mitt liv” har allereie blitt ein gjengangar i dei norske heimar. Vidar Johnsen sitt studioalbum er alltid solid og gjennomarbeida handverk, men det er på scenen ein verkeleg skjønnar kva som bur i denne mannen!