Fjøsmøte

Publisert av:
1/3/2016 12:36

Om lag 25 personar tok i går kveld turen til Malkenes for å få meir kunnskap om ullkvalitet og ullbehandling. Tysnes Sau og Geit hadde invitert til sauemøte i fjøsen til Elin og Oddvar Lunde. Nortura stilte med 3 fagpersonar som til dagleg jobba med ullbehandling. 

Etter ein del teori og eksempel på ulike ullkvalitetar fekk ein demonstrert klipping, og kva som var viktig å ta omsyn til når ein jobba med dette, både som klippar og som ullbehandlar. 

Med pølser og bollar på menyen, i trivelege rammer, vart det ein sosial og nyttig fagsamling.