Filmen ‘Til Sæters’ frå 1924 vert vist i Grendatun

Publisert av:
6/7/2010 13:09

Dei fleste nordmenn kjenner songen om Anne Knutsdotter, men ikkje alle veit at teksten er henta frå eit syngespel som vart skrive av Claus Pavels Riis, diktaren som budde på Onarheim i mange år, som “proprietær” og amtsgartnar. Modellen for Anne i songen ser ut til å ha vore den vesle jenta Herborg Knutsdotter som budde på husmannsplassen Heio i Vattedal.

I si tid var Riis ein populær forfattar i Kristiania. Han skreiv fleire syngespel som vart framførte land og strand rundt, heilt fram i vår tid. Det mest populære teaterstykket hans var utan tvil “Til sæters”. Under Tysnesfest vert stykket vist i ein stumfilmversjon frå 1924. Berre det er ein kulturhistorisk storhending i seg sjølv.

Før filmen viser Knut Rage bilete frå den stereoskopiske biletsamlinga etter Claus Pavels Riis, som høyrer heime mellom dei aller eldste bileta som finst frå Sunnhordland – frå ca. 1865. Her kjem publikum tett inn på C.P. Riis og familien hans, i kvardag og fest.

Olav Skjellevik vil fortelja om syngespela etter Riis, “Til sæters” (1850) og “Han har det strengt” (1865) – det er sistnemnde stykke som inneheld den kjende songen om Anne Knutsdotter. Publikum vil også få høyra om innspelinga av filmen “Til sæters” frå 1924.

Før filmen vil Lise Skjåk Dalen syngja nokre av songane frå syngespela “Til sæters” og “Han har det strengt”. Lise Skjåk Dalen har teke på seg ei rekkje solistoppgåver i dei seinare åra. Ho vert akkompagnert av Jurgita Bubilaite på piano.

Filmen “Til sæters” er ein stumfilm og varer ca. 85 min.

Tid og stad: Grendatun – torsdag 8. juli kl. 12 og sundag 11. juli kl. 20