Publisert av:
16/2/2011 10:10
Ferje innstilt
FosenNamsos Sjø melder at avgangen frå Halhjem kl 10.10 er kansellert. Kanselleringa skuldast teknisk problem. FosenNamsos Sjø seier dei beklager dette og vil koma med ny melding når trafikken på sambandet kan takast opp att.
Tysdag morgon var det gamleferja “Marstein” som gjekk i sambandet, men som no er tatt ut att inntil vidare. Dermed er Våge – Halhjem utan ferjeforbindelse tysdag føremiddag.
Styrmann på “Selbjørnsfjord”, Roar Hagen, opplyser til Tysnesingen at “Selbjørnsfjord” er inne på eit 2 dagers planlagt verkstadopphald på Rubbestadneset.
– Det er litt service som må gjerast på nye ferjer som ikkje kan bli gjort i rute, informerer Hagen.