Fartsfylt idrett

Publisert av:
12/1/2016 10:31

I Norge er det ikkje mange som får høve til å drive med idretten aking, men brødrene Nicholas (13) og William (11) er så heldige at dei er busett i Park City i Utah der det ligg ei flott akebane som vart bygd til OL i 2002. Gutane har anar i Lunde der mor deira, Tone Lunde Iverson, kjem frå.

Gutane starta med aking for ca 3 år sidan, og trenar no heile 5 dagar i veka. Den fyrste tida var dei i den lokale klubben «Wasatch luge club», og no i seinare tid har dei flinke gutane avansert til «D laget» som er «Team USA» sitt unge rekruttlag for lovande utøvarar.

I sesongen, som varar frå November til slutten av Mars, deltek dei i rundt 3 konkurransar i sesongen. Dette året vert USA meisterskapet arrangert i Lake Placid NY, og om gutane gjer det bra kan dei ha sjans til å få delta her.

Til Tysnesingen.no fortel gutane at dei likar aking av mange grunnar. Det er spennande å sjå om vi greier å slå våre personlege rekordar, og fordi det går veldig fort. Farten er over 90 km/t ned den svingete og islagde bana. Dei syns også det er kjekt med tilbakemelding frå trenaren, Jon, som gjer dei tips og rettleiing slik at dei kan bli enda betre og raskare.

Klar for ei ny kjekk trening

Full konsentrasjon

Her går det i over 90 km/t

Ein glad gjeng lovande idrettstalent.

Nicholas og William i raude jakker heilt framme og lengst til høgre.