Familiedag til Vasstøl

Publisert av:
1/6/2009 06:15

Tveit bygdalag hadde lagt opp sin årlege familiedag til fjells om søndagen ,
og over 30 personar med stort og smått tok turen til Vasstøl for å fiska og grilla pølser.
I tillegg var det mange turgåarar som passerte oss som skulle vidare opp til Hovlandsnuten og Såto.

Vel oppe med vatnet når ein hadde funne seg ein god sitjeplass og kaffikopp, gjekk praten livlegt blandt dei vaksne medan borna sprang fritt omkring og leika.

Nokre hadde fiskestang med for å prøva fiskelykka, medan andre hadde badekle.Om det var folk eller fe som skremde fisken er ikkje godt og veta ,men nokon fisk på grillen vart det desverre ikkje denne gongen.
Og badenymfen synest nok det var litt i kaldaste laget når stortåa blei dyppa.

Det var også lagt opp til  rydde-dugnad for dei som ynskte det. klypping av brakje og oppfriskning med maling av  T-ane og stadsskilta langs ruta frå skaret til vasstøl var noko av det som vart gjort.
Det er også planar om ein dugnad ved seinare høve der tanken er å få lagt meir tilrette med bord og benkjer.
Leiaren i bygdalaget (underteikna) syntest det var flott att så mange tok turen i finaveret
og var godt fornøyd med oppslutnaden.