Publisert av:
17/5/2011 07:06
FA Cup finale
Laurdag vart den engelske FA Cup finalen spelt mellom Manchester City og Stoke City (resultat 1-0).
Bortsett frå resultatet var det ei fantastisk oppleving å vera til stades. Fire timer før kampstart var gatene rundt Wembley fulle og stemninga steig jamt opp mot kampstart klokka 15.
For Stoke sin del, som aldri før i sin 148 årige historie har nådd finalen, var dette ein stor dag, og supportarane viste også å setja pris på denne store dagen. Trass tapet stod alle Stoke-supportarane igjen heilt til også vinnarlaget fekk sine gullmedaljar og song sin song “Delilah” og overdøyvde dei blå hordane frå Manchester.
Me MÅTTE berre vera til stades denne dagen, for det er slett ikkje sikkert den kjem igjen!
Du kan sjekka noko av stemninga her >>>