Publisert av: May Britt Meland
13/7/2019 11:38
Er eg gammal nok?
Publikum var ikkje i tvil, og svarte med eit rungande JA! DJ Axilliar takka Tysnesfest for at dei ga han sjansen. Etter å ha fått nei frå discotek på ungdomsklubbane i Haugesund fordi han var for ung, var denne talentfulle guten svært takknemleg for at han fekk stå på scena under årets Tysnesfest.
På scena fredag stod Fucales, Staut, 10CC, Skambankt, Aurora, DJ Axilliar og Matoma.
Stemninga blant publikum var god, og auka på utover kvelden. Dei to siste artistane DJ Axilliar og Matoma fekk publikum til å ta heilt av. Det var så bakken rista under låtane til Matoma!
Her får du eit bildedryss frå kvelden:
Staut
10CC
Skambankt
Aurora
DJ Axilliar
Matoma