Bli-kjent-tur i Myklestadskogen

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/11/2022 12:03

Bli-kjent-tur i Myklestadskogen med Tysnes Turlag

Søndag 6. november 2022

Når Tysnes Turlag arrangerer fellesturar veit ein aldri kor mange, eller kven som dukkar opp. Været spelar ei stor rolle, så det var med litt labre forventningar turleiar køyrde av garde heimanfrå i pøsregn søndag føremiddag. Gleda var desto større når bil etter bil strøymde på til parkeringa ved den gamle brannstasjonen i Uggdal. Etter registrering av samtlege frammøtte kunne me konstatere heile 25 deltakarar, godt kledd og skodd for tur i vått terreng.

Ruta og formålet for turen blei skissert både på norsk og engelsk, ettersom nokre av deltakarane har eit heilt anna morsmål enn norsk. Gledeleg var det at turdeltakarane tok oppmodinga om også å bli litt kjent med kvarandre, og praten gjekk dermed livleg mellom fastbuande, tilflyttarar og besøkjande heilt frå start.

Asbjørn Myklestad stilte som kjentmann og formidlar av lokalkunnskap. På vegen forbi Tysnes Sjø og Fritid og Heningen mot badeplassen Kjevikjo, fekk me informasjon om at det tidlegare har vore både kraftverk, kvernhus, meieri og handel m.m. i området. Litt informasjon om verksemdene som held til her i dag vart det òg. Asbjørn kunne også fortelja om skogsdrift med hest på vinterstid då han sjølv var gutunge, og om nytt, planlagt bustadfelt.

Bak dei gule hyttene i Halgjerdsvikjo tok me inn på skogsveg og etterkvart sti, og følgde raude merker gjennom terrenget. Etterkvart vart underlaget litt meir utfordrande grunna glatte røter og steinar. Men hjelpande hender, trolsk, eventyraktig skog og livleg prat, heldt stemninga på topp. På vegen passerte me idylliske Ullstjørna med piknikbord i vasskanten, og fekk litt etter historia om likfrakt frå Reksteren til gravplassen ved Uggdal kyrkje, som gjekk via båt og gjennom skogen i dette området.

Vel ute i «sivilisasjonen» igjen,  i nærleiken av ridebanen på Myklestad, var det på ny kontrollteljing av deltakarane, og då alt stemte, kunne me rusla attende i opphaldsvær på den flotte grusvegen langs Kyrkjevatnet mot Dagsturhytta. Med både gløtt av sol og blå himmel vart nistematen inntatt i friluft.

Me konkluderte med at Myklestadskogen er eit flott turområde som passar for dei fleste, og med mange moglege vegar til mål. Me takkar samtlege for hyggjeleg turfølgje, og ynskjer velkomen igjen. Ei ekstra takk til Asbjørn Myklestad for ypparleg guiding.

Mvh turleiarar Sabine Koch, Per Verner Aase og Ingrid Storetvedt.