Engasjerte tilhøyrarar på folkemøte om E 39 Stord – Os
12/12/2016 22:26
Frå Statens vegvesen stilte Signe Eikenes og Kjell Håvard Belsvik. Eikenes er prosjektleiar for E 39 Stord – Os. Belsvik er prosjektleiar for bru over Bjørnefjorden og var med for å fortelja om arbeidet med brualternativa.
Etter ein kort presentasjon av Ordførar Kåre Martin Kleppe, fortalte Eikenes om kvifor Statens vegvesen hadde anbefalt alternativ B. Alternativet peika seg ut som den rimelegaste løysinga og løysinga som hadde størst nettonytteverdi. Og når det gjaldt miljømessige omsyn med naturinngrep og karbonutslepp kom alternativ B best ut i følgje vegvesenet.
Røyrbru ikkje lenger aktuelt
Når det gjaldt val av brutype, kunne Kjell Håvard Belsvik fortelja at røyrbrua no var uaktuell og ikkje med i dei vidare vurderingane. Dette vart avgjort i oktober. Prisen på røyrbru vart for høg. Det kom til å bli ein variant av bru over vatnet der tre modellar vart jobba vidare med. To variantar av flytebru og ei fleirspenna hengebru med to flytande tårn i fjorden.
Då det kom spørsmål frå salen om kva vindstyrke som skulle til for at brua over Bjørnefjorden kom til å bli stengt, kunne han ikkje fortelje på noverande tidspunkt nøyaktig kva vindstyrke som ville resultera i stenging. Berekningane deira viste at oppetida til brua ville bli ein stad mellom 99 og 100%. Ved sterk vind ville farten bli sett ned før ein evt. måtte stenge brua heilt.
Engasjement i salen
Det var mange som ville ha ordet i salen i kveld. Spesielt interesseforeninga for Bårdssundet var aktive. Dei meinte det var uhørt av Vegvesenet å ikkje gå for tunnell under sundet. Andre i salen var mindre bekymra for dette og meinte desse 900 millionane i meirkostnad kunne nyttast meir fornuftig, og at vegvesenet si tilråding til bru var ei rett vurdering her.
Fleire av spørsmåla gjekk på plassering av påkoplingskryssa. Fleire ynskte svar på kvifor det eine av kun 2 påkøyrslar var plassert heilt nord på Reksteren. Dette var det fleire grunnar til. Her var det lagt opp til anleggsområde og for at maskinar kunne verta sette i land. Her kunne det også verta ein fin rasteplass var ein av grunnane!
Sterkare argument var at dette i framtida sannsynlegvis kom til å verta eit svært attraktivt område for busetnad i framtida. Ferje eller bru til Austevoll var og argument for plasseringa. Eikenes viste vidare til at det var problematisk topografisk og plassera påkoplingskrysset lenger sør på Reksteren.
Det var tydeleg at fleire var frustert over at dei følte det var for vanskeleg for lokalsamfunna å ha reell påverknad på Vegvesenet sitt arbeid.
Eit av innspela gjekk på at kommunen sitt innspel til kryssing i sør ikkje var gjeldande for alle innbyggarane. På Flatråker, Økland og andre stader som ville verta råka av kommunen sitt ønske, var dei nøgde med innstillinga til vegvesenet. Kåre Martin var klar på at det ikkje var mogleg å gjere alle til lags, men at kommunen sitt mål framleis var sørleg kryssing.
NTP
Tilrådinga frå Vegvesenet og høyringsuttalingane vil ligga til grunn for den tilrådinga Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjev i samband med Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029, som stortinget handsamar til våren.
20. januar er høyringsfristen.
Oppstart
Signe Eikenes kunne ikkje sei eksakt når tidlegaste oppstart kunne verta, men antyda at 2021 var det tidlegaste tidspunktet for mulig oppstart.