Illustrasjonsfoto

Endring i levering av post og pakkar

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/7/2020 10:02

Frå og med i dag, 7. juli, vert det postlevering kvar andre dag.

Bakgrunnen for at posten legger om, er at antall brev som blir sendt har gått ned med 70 % sidan 1999. Det betyr at det vert levert i gjennomsnitt 3 brev per postkasse i veka, og det er difor ikkje bærekraftig eller økonomisk forsvarleg å oppretthalde fem dagars postlevering.

Dersom du har postboks, vil posten bli levert alle virkedagar, mandag til fredag. Har du derimot postkasse, vil posten koma annakvar dag; mandag, onsdag, fredag eine veka, og tirsdag, torsdag i veka etter.

Lurer du på kva dag du får posten din, kan du klikke deg inn på https://www.posten.no/levering-av-post-2020. Her kan du legge inn ditt postnummer, så får du opplysningar om leveringsdagar og andre ting.