To spanande nyheiter til Tysnesfest

Publisert av: Johnny Helgesen
2/5/2019 17:18

Tysnesfest kan i dag stolt presentera to nye artistar til festivalen! Noregs nye supergruppe LÖV, og Bergensbandet Shuffle Baby er begge særs spanande namn å få på plakaten.

Her blir det punchy og mørk popmusikk frå LÖV og skikkelig vaskeekte fønk frå Shuffle Baby!

LÖV

Noregs nye supergruppe LÖV kjem til Tysnesfest!

Dei er ei ganske fersk popgruppe slik dei no er satt saman, men dei tre medlemmane er langt frå ferske i gamet. Marte Eberson og Øystein Skar har vore ein del av Highasakite fram til i fjor, og no har dei saman med The Voice-vinnaren Martin Halla danna det som medienorge kallar supergruppa LÖV!

I november i fjor slapp dei to popperler «Superhuman» og «That Wasn`t Easy» som begge vart kritikerrosa. Sjølv om dei har funne ein særeigen sound er det ikkje vanskelig å høyra kor stor del av Highasakite Marte og Øystein har vore.

Martin sin fantastiske vokal passar perfekt til soundet, og saman med stjerneprodusent Odd Martin Skålnes (SIGRID, AURORA) var «Superhuman» definitivt ein av haustens sterkaste låtar. Den er og vignettmusikken til TV-serien «Semester»

Dei slapp nylig enda ei låt «Fuel To The Fire» under Kveldsåpent på NRK radio. Låten gjekk rett inn på spelelistene til mange radiokanalar!

Bandet er tatt svært godt imot, og er blant anna bekrefta til Hove Music Festival i juni før dei skal på scena på Tysnesfest torsdag 11. juli

Shuffle Baby

Shuffle Baby er eit fersk og up&coming poptrio frå Bergen som lagar særeigen og breial funkpop, inspirert av 80-talets mest skamlause dance, pop, soul og electrofunk.

Shuffle Baby slapp singenen «Hot Love» 5. april. Låten er fyrste lytt frå bandets debut-EP «Posers» som sleppes 3. mai. Øm 80-tals nostalgi blandas med store analoge synthar, rivande synthbasslinjer, trommemaskiner iblanda eit herleg pop/R&B uttrykk. Vokalen glir sømlaust frå mjuk lengsel til rå ikonisk kraft.

«The Norway group craft ’80’s style vibes with extraordinary vocals. The result is something magic.» – Ear To The Ground Music

«The groups clear musicality is present from beginning to end – from the rhythmic changes, to the lush instrumentation to the perfectly designed arrangement – Shuffle Baby knows exactly what they are doing and they are doing it well.» – Rock Dafuq Out

Programmet på Gjerstad begynner å nærme seg komplett, og totaloversikten ser no slik ut:

Broiler, Matoma, AURORA, LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM, Shuffle Baby, LÖV, Åge & Sambandet, DDE, Rotlaus, Staut, 10CC(UK), Skambankt, DJ Axillar, Ina Wroldsen, Kriminell Kunst, Kjartan Lauritzen, Ausekarane, Naboen Min, Finn Schjøll, Helge Jordal, Marthe Wang