Publisert av: Martha Nygård Lande
14/2/2022 16:57
Eit pusterom for foreldre
Helsestasjonen og psykisk helse inviterer til eit pusterom for deg som forelder.
Dette skal vera eit uformelt treff der ein kan treffe andre vaksne, kan ein lese på Tysnes kommune si heimeside.
Tysnes kommune har fått tildelt koronamidlar, som gjer at psykisk helse i kommunen, i samarbeid med helsestasjonen, har moglegheit til å starte opp eit tilbod til foreldre.
Dette gjeld spesielt dykk som har vore råka av korona nedstegning, med barn som er født i 2020 og første halvdel i 2021. Dei oppfordrar til å invitere med andre du kjenner, det er ope for alle.
Du kan lesa meir på Tysnes kommune.