Eit godt år for Tysnes Sparebank
31/3/2017 19:11
Resultat før skatt på 16,978 mill. kr.. Det er eit nytt rekord resultat og ca 4,3 mill. kroner høgar enn i 2015. Resultatet etter skatt ga ein eigenkapitalavkastning på 8,9 %.
Tysnes Sparebank kan sjå tilbake på eit aktivt år med svært god aktivitet og stor kundetilgang. I løpet av året vart det opna ny møteplass i Rosendal, og vedteke å opne ny møteplass i Odda, nytt kontor på Stord og samlokalisering med Aktiv Eigedomsmegling i Bergen Sentrum.
Styret gjev i årsmeldinga ros til dei tilsette for svært god haldning og flott innsats for at banken skal lukkast i målsettinga om å skapa ein levedyktig frittståande lokalbank for person og bedriftskundar i nærområdet.
Banken har hatt stor pågang av nye kundar i regionen Sunnhordland, Os og Fana-området. Veksten i utlån er på 29 %.
I 2016 vart bankens reine kjernekapital auka med 42 millionar kroner gjennom ein emisjon. Den reine kjernekapitalen er ved utgangen av 2016 på 19,45 %.