Ein stor dag
17/9/2019 20:53
I dag var det avduking av nye skulpturar i “Prinsesse Ingrid Alexandras Skulpturpark”. For Tysnes-jenta Emma Sofie Nesse Torgersen vart dette ein heilt spesiell dag, ein dag ho nok aldri kjem til å gløyme.
Emma Sofie er nemleg ein av vinnarane i ei landsomfattande teiknekonkurranse, og ideen og teikninga hennar “Munnben” er no blitt til ein flott skulptur! Skulpturen er laga av ein kunstnar ved Bronseskulptur i Oslo og er i pulverlakkert bronse.
Emma Sofie med foreldre og sysken vart høgtideleg inviterte til slottet og opningsfesten i dag.
-Det har vore ein super dag, fortel Emma Sofie til Tysnesingen.no. Eg var veldig nervøs, men det var ei stor oppleving å få helsa på Prinsesse Ingrid Alexandra og Dronning Sonja. Prinsessa spurde meg om eg likte skulen, medan Dronninga lurte på om eg likte å teikna.
Det var stas å få være inne på slottet, det var utruleg fint. -Og så fekk vi servert bollar og saft.
-Dette er ein dag eg aldri kjem til å gløyma! Det er eit minne for livet.
Skulpturparken er no ferdigstilt
Skulpturparken vart offisielt opna i mai 2016, då med tre skulpturar. Hans Majestet Kong Harald fortalde då i opningstala at heile Kongefamilien har gleda seg til denne dagen, og at dei i mange år har ønska seg ein skulpturpark spesielt for born. Vidare forsikra Kongen at skulpturane er for born. “– De er her for dere, de er til å ta på, og ikke bare til pynt.”
I dag vart skulpturparken ferdigstilt. Markeringa gjekk føre seg inne på Slottet og i Slottsparken. Dei 18 skuleelevane som har bidrege til skulpturane var invitert saman med foreldre og sysken.
Les heile saka og sjå flotte mange flotte bilete på Kongehuset si offisielle side!