Publisert av:
1/11/2014 08:26
Ei handballtrening for DEG?
Då er kanskje handballaget “Old Ladies” noko for deg? Me er ein gjeng vaksne damer, nokre med litt handballerfaring, og nokre ferske, som trenar handball i Tysneshallen kvar tysdag frå 19.30-21.00.
Me har det veldig kjekt på trening, men me skulle så gjerne ha fått med oss enda fleire damer! Me trenar for å få opp pulsen, og ikkje minst for å ha det kjekt!
Ein treng ikkje kunne noko innan handball for å vere med, det er ope for alle. Me er ikkje med i nokon serie, så kampar er ikkje på programmet. I allefall ikkje enda. Men kven veit, kanskje me blir så flinke at me har lyst å få til ein treningskamp til våren ein gong?
Håpar å sjå DEG på treninga vår neste tysdag! Velkommen skal du vere!
Old Ladies