Bilete frå praktisk og teoretisk sykkelopplæring med Sykkelkids. Foto: Vestland fylkeskommune.no

Trafikktryggingsaktivitetar

Publisert av: May Britt Meland
9/8/2021 14:13

Har du ein idé til eit trafikktryggingstiltak? Då kan du søkje midlar frå Vestland fylkeskommune! Ordninga gjeld aktivitetar som bidrar til å tryggare trafikk og trafikantar.

Våren 2021 delte trafikktryggingsutvalet ut 1,4 millionar kroner til 35 ulike arrangement og aktivitetar. Blant dei 35 arrangementa og aktivitetane var førstehjelp ved trafikkulukker, Sykkelkids, Russen sin dag, bilførar 65+ noko av det som fekk støtte.

«Lågterskel»-aksjonar er det mange av i løpet av eit år. Mange skular søkjer om nokre tusen til enkle innkjøp. Det kan for eksempel vere ein trafikk- eller refleksaksjon.

– Nokon søkte om 300 kroner til innkjøp av vaflar for å arrangere ein positiv trafikkaksjon, med utdeling av refleks og vaflar, og ein påminner om å køyre forsiktig.

Tysnes kommune.no og på Vestland fylkeskommune.no finn du meir informasjon om tiltaket og korleis du kan søkje om midlar!
Frist er 1. september.