Spar på vatnet i Uggdal

Publisert av: Vegard Aslaksen
3/7/2018 23:29

Først vil me takka for at de sparte på vatnet sist me var ute med melding i mai. 

Nivået i Stora Laugo gjekk ned 65cm frå topp demning på det meste og steig så opp til 50cm. No er det varsla ein ny periode med tørt og fin sommarvêr så me oppfordrar til forsiktig bruk av vatn i hagen. 

Uggdal Vasslag opprettheld forbod mot bruk av vannspreiar og sveitteslangar.  

Våre abonnentar kan vatne med ein slange frå kl.21:00 – 23:00. Vatning med kanne er greit heile tida.

Me vil og at de også tar dykk tid til å sjekke at kraner, toalett og koplingar ikkje lekker.

Desse tiltaka er for å sikre beredskap med nok vatn i høgdebasseng, i tilfelle brann.

Uggdal vasslag SA