Pepperkakebygd

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/11/2020 08:04

Det nærmer seg desember, og også i år planlegger ein peppekakebygd på Onartun.

Tidlegere har ein hatt felles pynting av peppekakebygda, men på grunn av korona kan ein ikkje gjere det i år. Det er likevel kjekt viss mange vil vere med å bidra til  at det blir ei fin bygd, med mange ulike kunstneriske byggverk.

Pepperkakebygda i 2019

 

Har du lyst å vere med å bake til peppekakebygda, får du gratis pepperkakedeig på Joker Onarheim.

 

Her er bilete frå pepperkakbygda i 2019.

Innlevering av byggverk kan gjerast i frå 23. november til Joker Onarheim.