Den elleville o-fagtimen
28/7/2012 20:07
For oss var dette ei utruleg triveleg stund. Me vonar de hadde det godt, at de lærte noko, at den levande musikken på Hodnaneset fall i smak, og ikkje minst at det kulturhistoriske stoppet på Årbakka med servering av kaffi, saft og vaflar var hugnadssamt.
Me vil takka kvar einskild som valde å ta fylje under våre vinger! NRK Hordaland som sende direkte, resten av orkesteret som gjorde musikken god, Årbakka handelsstad for vaflar og kaffi, og sjølvsagt kvar einaste sprudlande og engasjerte turist!
Det var ei sann glede å ha dykk med alle som ein! Konkurransen me hadde skilde dei gode frå dei beste, og kun ein deltakar hadde full pott. Dette var Marianne Dalland, som då vert den lukkelege eigaren av den eksklusive Tysnesfest-koppen! Til lukke med dette, framifrå levert!
Svært gledeleg, og minst like overraskande fekk me også ein dugande limerick av ein av gjestene om bord i bussen! Dette er me særs takksamme for, og med løyve frå forfattarinna har me fått lov å trykkja denne makalause limericken offentleg – så her kjem den:
O-fagturen
På busstur med bridle i 3D,
2 timar med vafler og glede,
ein stødig sjåfør, og ein munnrapp parlør,
sørga for at me ikkje trong CD!
Og me slepp ikkje unna kulturen,
for dei stillte med song under turen,
om Vestlandet flott, kvart eit auga vart vågg,
når dei sette i gong vinskvett-duren!
Lene M Hvidevold
Me ynskjer alle eit lærerikt år fram mot nye strabaser neste Tysnesfest!
Vyrde helsingar, Anders & Marcus