Aksel Lund Svindal avsluttar framtidsveka Tysnes2040
28/10/2026 09:49
Aksel Lund Svindal, Sylfest Lomheim, Marco Elsafadi og Morten Goodwin er blant foredragshaldarane når Tysnes inviterer til framtidsveka Tysnes2040 3.–6. november. Alt er ope for alle og gratis. Fredagskvelden deler Sparebankstiftinga Tysnes ut gåver frå sin aller første tildelingsrunde.
Framtidsveka Tysnes2040 er fire dagar med arrangement over heile øya. Spørsmålet som går igjen, er korleis Tysnes skal sjå ut i 2040. Arrangementa er for alle som bur på Tysnes og i regionen, og ein kan kome og gå som ein vil. Sparebankstiftinga Tysnes og Tysnes Kraftlag tok initiativet, og Tysnes kommune og Haugesund Sparebank er med som partnarar. Kulturkontoret AS står for produksjonen.
Veka sluttar med konferansen Tysnes2040 i Tysneshallen fredag 6. november kl. 16.30. Aksel Lund Svindal er hovudtalar. Han er olympisk meister og verdsmeister i alpint, og han snakkar om at gode prestasjonar er ein lagidrett. Før han kjem språkforskar og tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim med foredraget «Kan KI oversetja kreativt menneskespråk?».
Einar Wathne i Tysnes Kraftlag legg fram korleis kraftlaget vil leggje kursen mot 2040. Kraftlaget arbeider med å rekruttere fleire aksjonærar, og Wathne lanserer ei ny tiltakspakke for eit større samfunnsløft på Tysnes.
Kvelden held fram med tre-retters middag, kulturinnslag og premiere på Tysnesfilmen. Til slutt blir det ein tidskapselseremoni der innbyggjarane sine ønske for 2040 blir forsegla. Konferansen er gratis og open for alle, men krev påmelding på tysnes2040.no/pamelding.
Veka dag for dag
Tysdag 3. november – Yrkesmesse i Tysneshallen.
Over tjue bedrifter, etatar og organisasjonar viser fram kva dei driv med, mellom anna BKK, Fjord1, Politiet, Alsaker Fjordbruk og Statsraad Lehmkuhl. Fleire vidaregåande skular i nabokommunane gir elevane godkjent fråvær for å kome. Messa er open for alle frå kl. 13.45. Jørgen Dyrhaug frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) held eitt foredrag om digital tryggleik for ungdom. Klokka 16.45 held han eit ope foredrag for vaksne: «Fryktar du å bli svindla på nett?»
Onsdag 4. november – KI-dagen på Grindabygget, Alsaker Brygge.
Lokale bedrifter og fagfolk viser korleis kunstig intelligens blir brukt i dag i havbruk, jord- og skogbruk og helse
Onsdag 4. november – Lokaldagen på Grendatun, Uggdal.
Dagen er for lag, organisasjonar og frivillige, og varer frå kl. 10 til 20.15. Det blir digital hjelp for eldre, juridiske råd og tips om støtte og søknader. Marco Elsafadi held inspirasjonsforedrag. Kvelden avsluttar med Morten Goodwin, professor ved Universitetet i Agder og nestleiar i Centre for Artificial Intelligence Research (CAIR), som snakkar om KI for folk flest. Det er gratis inngang og gratis middag.
Torsdag 5. november – First Lego League i Tysneshallen.
Lag frå heile Sunnhordland konkurrerer. Vinnarane får reise til den skandinaviske finalen i Lund.
Fredag 6. november – Konferansen Tysnes2040 i Tysneshallen.

Første utdeling frå Sparebankstiftinga
Fredagskvelden deler Sparebankstiftinga Tysnes ut gåver frå sin første tildelingsrunde. Midlane er opptente i tidlegare Tysnes Sparebank, og tradisjonen blir vidareført gjennom Haugesund Sparebank.
– Dette er første gongen stiftinga deler ut gåver, og me ville gjere det med heile Tysnes samla. Pengane er bygde opp her på øya gjennom generasjonar. No går dei tilbake til lag og prosjekt som skal gjere Tysnes til ein god stad å bu i 2040 òg, seier Audun Magnussen, styreleiar i Sparebankstiftinga Tysnes.
– Haugesund Sparebank er òg med på laget. Dei var raske på banen då me spurde. Banken stiller alltid opp for lokalsamfunnet, og det gjer dei òg denne gongen, seier Magnussen.
Fullt program: tysnes2040.no
