Deltok på stevne
28/3/2011 15:36
I Alvøen Rideklubb (Bergen) var det distrikts- og lands-stevne i dressur 26.-27.mars. Tysnesjenta, Kristi Sandvik Pedersen skulle for fyrste gong delta på eit så stort stevne, og det var med sommarfuglar i magen at ho drog avgarde med to ponniar i hengaren og fullpakka bil fredag kveld.
Det vart ei fantastisk helg, på alle måtar!! I tillegg til møte med svært hyggelege medkonkurrentar og ponni/heste-foreldre, fekk me ”ferskingar” god hjelp og støtte frå Tysnes Hestesportslag sin nye dressur-trenar, Therese Bragstad under oppvarminga, samt gode råd og tips frå dei meir rutinerte utøvarane.
Kristi starta i klassen RLC 2. For å få godkjent program, må ryttaren ri til 50 %. Målet til Kristi var å i fyrste omgong klara å gjennomføra alle fire startane sine. Gleden var difor STOR, då ho laurdagen reid til 67% på Lilla My (Mamma sin ponni) og 59% på sin eigen ponni, Little Leo. Det resulterte i ein 7. plass og ein 8. plass.
Søndag var Kristi skikkelig fokusert. Therese Bragstad hjalp henne gjennom oppvarminga med begge ponniane, og magefølelsen var god då Kristi reid inn i banen. Det vart 70% med Lilla My og heile 72% på Little Leo. Dette holdt til 3. plass med Leo og 5. plass med My J. For å kvalifisera seg vidare til lands-stevner, er kravet at både hest og ryttar må ha ridd til 57 % på to distrikts-klassar. Etter helga klarte Kristi å kvalifisera seg til lands-stevne med begge ponniane. Veldig kjekt for henne!!
Vinnar av RLC 2 var Christine Falbach frå Moldegård . Gratulerer, Christine!!!
Therese Bragstad deltok på lands-stevnet i klassane : MB 2 (der ho vann med 64,167%) og Prix St. Georges der ho også vann med 63,816%. Fantastisk at klubben vår har fått Therese som fast trenar 1 gong kvar mnd !!