Deltok på Nordens største friidrettsstemne

Publisert av:
4/7/2017 11:33

Pernilla E. Epland var i helga på Nordens største friidrettsstemne i Gøteborg kor det var med over 3500 deltakarar frå over 20 nasjonar. Desverre var det ei vindfull helg der borte og det gjekk ut over resultata på dei lange løpa.

På fredag 30.juni var det klart for 3000m kvinner og det var 2 heat med hhv 14 deltakarar i første heat og 12 deltakarar i 2 heat. Det vart satt god fart frå start av, og den første km vart passert på ca 3,10 min. Men som sagt gjorde vinden sitt innspel på løpet og farten vart senka betrakteleg den neste kilometeren som vart passert på 6,30min. Her måtte Pernilla sleppa kvartetten og det vart tungt på siste kilometer, men ho kom inn til tida
9,53,15 og 4.plass i feltet.


På laurdagens 1500m var forholda betre og Pernilla kom i det beste heatet. Den første runden gjekk forholdsvis roleg og då farten vart skrudd opp på den andre runden, delte feltet seg i to og Pernilla hamna i det bakerste
feltet. Ho sprang inn til 11.plass med tida 4,35,74 og var vel 2 sekund bak persen sin.

Tekst og foto: Nils Hetleflåt