Dagens ros

Publisert av:
5/1/2009 22:19

Me vil på denne måten sende ei stor takk til mor og far vår, Torunn og Arnfinn Hesjedal.

Denne jula og delvis nyttår har det vore fullt i Hesjedal huset i Lundehagen 2. Sjølv om me prøver å hjelpe til, så er det ingen tvil om kven som styrer mest. Me har hatt ei fantastisk jul og nyttårfeiring, og det er så kjekt at både barn og barnebarn,+ +, kan få vere så masse i lag. Me har alltid følt at i heimen vår så er det slik at alle som vil koma er velkomne. Me er kjempe glade for og stolte av å ha så kjekke foreldre. Tusen takk!

Helsing Britt Monica, Stig og Siri, Vibeke og Trond, + 6 barnebarn, ein kjærast, ein venn, ein pus og ei kanin.

Me ynskjer dåke begge eit Godt nytt år !