Publisert av:
12/8/2009 10:21
Dagens klage
DAGENS KLAGE går atter ein gong til Tide. Skulle reise til Stord 9 55, dei dreiv jo å rygga ombord, det er den måten de gjer det på der. Og de rygga og rygga, klokko gjekk og gjekk ja ho blei forsyne meg 10 17 og då ville de visst gå. Me stod tre bilar igjen på kaien. Ikkje var ferja full heller, men de holdt visst på med noko på henge dekket så det kunne de ikkje bruka. Timen eg hadde på Stord nådde eg aldri. Eg ringte ombord for å høyra kortid neste avgang blei, men trur du de tok telefonen, neida. Så eg reiste heim og ringte til Tide i Bergen og fortalde det eg hadde opplevd og min fortvilelse over ikkje å ha nådd timen eg hadde på Stord. Nei, kor lenge den ferja skal gå skulle eg ha likt å visst. Helsing fortvila reisande…….