Publisert av: May Britt Meland
22/1/2022 14:39
Cruiseskip på Bjørnafjorden
Tidlegare denne veka var det mange som fekk med seg cruiseskipet som vart slep rundt på Bjørnafjorden. Det var cruiseskipet «Viking Polaris» og slepebåten Carlo Magno frå Italia.
Knut Revne frå Baldersheim har delt desse flotte bileta med Tysnesingen.no.
I følge ein artikkel på Nytt i Os.no av Jan Petter Svendal 19.1., var vinden noko av grunnen til at skipet låg i fjorden. Viking Cruises er ikkje ferdig, og skroget var på veg i fra Vard Søviknes sitt verft i Romania til Vard Søviknes på Møre.
Her ser ein bevegelsane til båtane torsdag 20.1, skjermdump frå Marine Traffic.com
Ferda gjekk vidare nordover etter at vinden hadde roa seg, og Fredagskveld, passerte båten Sognefjorden.
Skjermdump frå Marine Traffic.com.