Covid-19 påvist på Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
16/9/2020 18:02

Ein person busett i kommunen har fått påvist Covid-19, dette melder Tysnes kommune i dag på sine heimesider.

I følge saka er vedkomande smitta under eit opphald i Bergen. Kommunen driv no med smittesporing, og seier at omfanget av nærkontaktar på Tysnes verkar å vera svært avgrensa. Det er lite sannsynleg at dette vert eit større lokalt utbrot.

Kommunen har forventa at det kom til å bli påvist tilfeller av koronasmitte på Tysnes, og seier at dei har førebudd seg på dette.