Countryweekend
19/6/2020 15:02
Fredag 26. og lørdag 27. juni blir det country på Kompasset Bar & Spiseri.
Etter ei tid der det har vore stilt og lite aktivitet, ser det no ut for at det byrjar å ta seg opp att. Den rolege perioden har vore brukt til å pusse opp, så no er det klart til å ta i mot gjester.
Og gjestene er allereie byrja å kome. Det har vore full fart med tillaging av mat, både til dei som vil sitte der og ete, eller for å ta med seg. Og i dette flotte været som har vore, har det også vore mange båtgjester, og det kjem stadig fleir som vil ha overnatting.
Framover sommaren vil det vere musikk ca kvar andre helg, og fyrst ut er Tore Leiran. Han skal spele siste helga i juni, både fredag og lørdag.
Den helga er det allereie fullt i båthavna, og dei har fått låne plass til fleire båtar i gjestehavna til Uggdal Båthavn. Billettsalget har det også gått unna med. Det er fortsatt ledige billetter til den helga, både pass og enkelt billetter, men vil du ha billett må du skunde deg.