Bygg Tysnes vann 2. divisjon bowling

Publisert av: May Britt Meland
11/4/2024 18:24

Bygg Tysnes har hatt ein svært god vårsesong i bowlinga. Etter halvspelt serie låg laget ni poeng bak leiarlaget, men i løpet av dei sju siste kampane tok dei 22,5 poeng og vann 2. divisjon. Dermed er laget klart for 1. divisjon neste sesong.

 

Tysnesmeisterskapen vert spelt i veke 17. Innleiande kampar går måndag 22. og finalerundene onsdag 24. april.
Begge dager kl. 1800.

I år legg me om på turneringa.
Måndag speler alle tre rundar,ein på kvar bane. Halvparten kl. 1800 og resten kl. 1930.
Onsdag speler også alle tre rundar, dei med færrast pinnefall kl. 1800 og resten kl. 1930.

Premiering til dei tre beste.

Påmeldingsavgift kr. 250.
Påmelding til 99640123 eller Helge.hauge@haugnett.no innanlaurdag 20. april.