Publisert av: Martha Nygård Lande
20/9/2023 07:54
Bygdekvinnetreff med forfattarbesøk
Mandag 25. september arrangerer Tysnes Bygdekvinnelag Bygdekvinnetreff i Tinghuset.
Denne gangen skal forfattaren Anita Østebø være med og fortelja og lesa frå bøkene sine.
I 2021 gav ho ut “Skammens mødre”, ein roman om aleinemødrene sin tøffe kamp på 50- og 60-talet. Handlinga går føre seg i Bergen, og er basert på ei sann i historie.
I mars i år kom “Tatt av sviket” ut. Her får me eit gjensyn med aleinemødrene og borna deira, frå den fyrste boka. Denne gangen går handlinga føre seg på 70-talet.