Brannsjefen informerar
29/4/2017 13:25
Tysnes brann og redning informerer.
BÅLREGLAR.
Ein kvar plikter å utvisa aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføra brann.
Det er forbode å gjera opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold at det kan føra til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før han er sløkt. Dette er reglar som gjeld heile året. Det er likevel lov å gjer opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann.
Det er forbode å brenna produksjonsavfall.
Ein kan brenna små mengder hageavfall etc , men det må ikkje innehalde plast og forbruksavfall.
Det er ikkje lov å brenne etter det er mørkt.
MELLOM 15.04 OG 15.09 ER DET FORBODE Å GJERA OPP ELD NÆR SKOG OG I ALL ANNAN UTMARK UTAN LØYVE FRÅ KOMMUNEN.
Søknad om løyve vert å senda til e post : torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no eller pr post til :
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 310
5685 Uggdal mrk/ Brannsjefen.
Søknaden må angi kvar bålet skal vere , kven som er ansvarleg for at gjeldande regelverk vert fulgt, kva tidsrom søknaden gjeld for.
Kontaktinformasjon til ansvarlig.