Bra oppslutning om 1. mai arrangementet
2/5/2011 15:11
Leiar i Tysnes Arbeiderparti Kjetil Hestad, gratulerte alle dei frammøtte med 1. mai som er dagen då fagrørsla her heime og internasjonalt markerer kampen for demokrati, velferd og solidaritet. Det er difor både naturlig og viktig at 1. mai- innsamlinga i 2011 under parolen:
”Folk endrer verda – bli med!”, skal ha fokus på palestinske flyktningar i Gaza, Vestbredden og Libanon.
Hovudtalar på arrangementet var fyrste nestleiar i Handel og Kontor, Peggy Hessen Følsvik, ei engasjert fagforeiningskvinne som trakk linene attende i fagrørsla si historie og oppmoda alle om å visa solidaritet og engasjement for å forsvara og vidareutvikla dei faglege rettane i arbeidslivet. Ho takka for innbydinga og det flotte 1. mai veret, og opplyste mellom anna at HK har fått fleire nye medlemmer frå folk som jobbar i varehandelen på Tysnes.
Eg synest det er viktig å vera med 1. mai, fortel Liz Malkenes som stort sett har vore med alle dei 8 gongene det har vore arrangement på Tysnes i seinare år. Når eg har godt og trygt sjølv, er det naturleg for meg å visa solidaritet og støtte til dei som har det vanskeleg og utrygt. Difor støttar eg fagrørsla og 1. mai.