Kampreferat A-laget Njardar

Publisert av: Vegard Aslaksen
3/6/2019 20:32
Halsnøy-Njardar 3-4
Njardar reiste til Halsnøy sin grasbane med eit redusert mannskap, men det holdt likevel til seier. Etter fint spel scora Lasse Skulstad det første målet i kampen etter berre sju minutt. Halsnøy svara fem minutt seinare. Emre Akyuz Hagen scora etter 19 minutt spelt, men Halsnøy fekk inn eit langskudd like etter og dermed 2-2 til pause. Andre omgang vart prega av mykje tøffe duellar og dommaren måtte dele ut fleire gule kort. Først tok Halsnøy leiinga etter 58 min spelt. I neste Njardar-angrep blei Emre Hagen stygt takla av keeper og dommar peikte på straffemerket. Den sette Aksel Lande og dermed var det likt, 3-3. Etter 79 min spelt blei det dømt direkte rødt kort til Njardar, noko begge lag meinte var for strengt. Det var ein duell med overdreven armbruk på ei Njardar-kontring som førte til frispark for bortelaget, men ikkje kort til Halsnøy sin spelar. Likevel blei det ei siste scoring etter 85 min spelt. Eit godt slått innlegg frå Ole Bakke Rosvold enda hos ein umarkert Aksel Lande som trilla den forbi keeper. Dermed fekk Njardar sine fyrste tre poeng i 6 divisjon etter knallhard jobbing frå samtlige på laget. Ekstra skryt til keeper Øyvind Bjerkestrand som stod sin fyrste kamp for A-laget og varta opp med fleire viktige redningar som heldt oss inne i kampen.

Njardar-Rosendal 1-4
Njardar tok imot Rosendal på Reiso og starta kampen best. Didrik Milde Thorbjørnsen sendte Njardar i leiinga etter 10 min spelt. Rosendal fekk straffe, men denne redda Øyvind Bjerkestrand. Etter 18 min scora likevel bortelaget og dermed 1-1 til pause. Andre omgang gjekk Rosendal rett i angrep og sette tidlig inn 1-2. Njardar måtte ha mål og prøvde å stå høgare i press. Dette gjorde det enklare for Rosendal dersom dei fekk slått gjennombrudd. Etter timen spelt fekk dei ei slik scoring og dermed 1-3. Kampen blei tøffare etterkvart og dommaren måtte dela ut to gule til Njardar og tre gule til bortelaget. Rett før slutt fekk ein Rosendal spelar stå umarkert på hjørnespark og heada inn 1-4. Dermed ingen poeng for A-laget denne kampen, men det er lenge igjen av sesongen.
Njardar møter Søre Neset borte mandag 10 juni.
Neste heimakamp er lørdag 15 juni mot Bergkrystall.
Tekst: Aksel Lande

Foto: Martha Nygård Lande