Britt viser fram 200 år gamle plagg, bringeklut og forkle. På bordet ligg nokre av draktplagga som Britt har registrert. Foto: Knut Rage

Bloggar om folkedrakter

Publisert av: May Britt Meland
18/1/2020 11:02

Britt Kjellesvik Rage har hatt stor interesse for folkedrakter heilt sidan ho gjekk på kunstlina på Langhaugen gymnas på 1970-talet. Det resulterte i ei særoppgåve som sidan vart til boka: «Folkedrakter i Sunnhordland – frå Tysnes på 1800-talet”. Seinare bidrog ho til utstillinga «Vår fargerike fortid» på Sunnhordland museum, og ho har også skrive ein artikkel om emnet i Sunnhordland Årbok 2007. Ho har hatt fleire utstillingar med gammalt draktmateriale, både på Tysnes folkebibliotek og i hennar eige galleri på Breidablikk på Gjerstad.

– Folkedrakter er ikkje det same som bunad, forklarar Britt. – Ein bunad er ei drakt som i større eller mindre grad er rekonstruert, og vart først teke i bruk på 1900-talet, og er såleis eit moderne fenomen. Plagga eg arbeider med er klede som folk faktisk brukte og gjekk kledde i, til kvardag og fest.

Etter kvart tok Britt til å samla inn gamle klede frå Tysnes. Det viste seg at folk hadde utruleg mykje liggjande på lemen, og i kister og skap – så mykje at ho i 2009 bestemte seg for katalogisera kvart enkelt plagg. Det hadde også samanheng med at ho tok til med studiet Drakt og samfunn 2 på NTNU og Institutt for bunad og folkedrakt. Mengda av innsamla plagg gjorde at ho tok til med regisrering på data, i ein database. Her vert kvart einskild plagg nøye skildra og avbilda. I dag tel databasen over 500 plagg!

Nokre av dei gamle draktene blir kopiert i miniformat i folkedraktfigurane ho lagar.

– Eg vil framleis be folk om å ta kontakt med meg om dei har gamle plagg. Og det treng ikkje berre vera heile og fine klede! Etter registrering vil dei få plagga tilbake.

Det var for å gjera alle desse registeringane tilgjengelege for folk flest at ho kom på tanken om å presentera dei i ein blogg. Pr. i dag er meir enn 140 plagg lagt ut på bloggen, som også har fått sin eigen «filial» på Facebook.

– Men eg vil likevel be interesserte om å følgja med på sjølve bloggen, avsluttar Britt, som også kvart år følgjer kurs i historiske drakter i Danmark.

Bloggen finn du her  http://tysnesdrakter.blogspot.com
Sjå også Britt si nettside:  www.brittrage.no

.
Ei samling av draktplagg som er registrert. Foto: Knut Rage

 

Tekst: Knut Rage