Blir som den er

Publisert av:
20/4/2010 20:26

Sist veke hadde eg ei meiningsmåling her på Tysnesingen, med spørsmål om Tysnesingen.no burde endra utsjånaden på nettsida.

69% i avstemminga meinte Tysnesingen ikkje burde endrast på. Sjølv om slik meiningsmåling på nettet ikkje er heilt å lita på, vel eg å bruka det klare svaret som rettesnor og gjer ikkje noko særleg med layout og utsjånad på Tysnesingen. Har også fått ein del tilbakemeldingar frå folk som meiner nettsida bør vera som den er – enkel og grei.

I løpet av våren må eg over på eit anna program for å laga nettsida. I det høvet har eg muligheit til å gjera endringar med sida. Korleis overgangen til det nye programmet blir og kva innverknad det vil få på Tysnesingen veit eg ikkje, men forhåpentlegvis vil det gå greit. Ber likevel om forståing dersom det i ein overgangsperiode vil bli litt ustabilt med oppdatering i innkøyringa med det nye programmet.